Ny heimeside

Den nye heimesida vår finn du på www.balsnesgard.no!

Bloggen du no er på har vore, og skal framleis vere, ein stad for oss å vise fram oppussingsprosjektet vårt for alle som er interessert! Sjølv om vi har opna hotellet, betyr ikkje det nødvendigvis at all byggeaktivitet vert lagt ned – stadig noko nytt som skjer 😉

Dei nye nettsidene inneheld informasjon om kva vi tilbyr, kven vi er og korleis du kan bestille, i tillegg til mange bilete frå heile huset.

Advertisements
Posta under Ingen kategori | 4 kommentarar

No er vi klare..!

Romma er klare, vi er klare og no er også bileta klare – her kjem nokre smakebitar:

På Kjøkkenloftet går det i turkis-, grå-, blåtonar og kvitt.

Det rosa er det største rommet.

Vårt mest romantiske rom!

Det minste rommet, kalt «brunrommet» er kanskje det mest koselige også.

Vi er spesielt glade for dei gamle stolane våre som har fått nytt liv! Dei på Kjøkkenloftet og på det grønne rommet er pussa opp  med kjærleik av Sperre Møbler i Ålesund. På dei to andre romma er stolane trekt om av Systova på Sandane. Kjekt med gjenbruk!

Balsnes gard er no klare til å ta i mot rombestillingar!

Posta under "Brunrommet", "Grønrommet", "Rosarommet", Kjøkkenloftet | 4 kommentarar

Fotoshoot

Denne veka fotograferer vi på Balsnes gard! Bileta skal brukast til nettsider, brosjyrer og anna marknadsføring. Fantastiske Karina Holmen er ansvarleg for styling, medan den vidunderlige dansken Andreas Mikkel står bak kameraet.

Andreas og Karina – supert team!

Dette biletet er IKKJE teke av Andreas, berre så det er sagt. Men biletet viser at no er det rosa rommet faktisk ferdig bygd og påkledd – og klart for både fotografering og overnatting!

Posta under Design, Gjesterom | Kommenter innlegget

Ein husmordraum anno 1963

Ein finn mykje rart når ein driv og renoverar, ryddar og flyttar. Ein slik ting var den gamle klesrulla til grandtante Borghild. Rulla har stått og støva ned dei siste åra, men har no fått ein ny vår!

Artig apparat! Stapp inn duken, eller kva som helst slags klesplagg som skal bli glatt, den vert rulla og pressa rundt ein sylinder –  og kjem ut god som ny!

Denne er automatisk, må vite.

Resultatet var upåklageleg – ei genial oppfinning..!

Posta under Historie | 4 kommentarar

Kaffistova

Ved sidan av matstova, med inngang frå forstova, ligg eit lite rom som er som skapt for ein frukost for to, ein føremiddagskaffi, eller rett og slett for å sitte med laptopen eller ei god bok. Vi trur at kaffistova kan bli ein favoritt for overnattande gjestar!

Posta under Kaffistova | Kommenter innlegget

Midtsommarbryllaup

Ei heil veke til ende har vi feira bryllaup på Balsnes gard! Tek med eit bilete av festbordet som var dekka til fem rettar. Vi ønskjer brudeparet til lukke med kveitebrødsdagane 🙂

Posta under Opplevingar | Kommenter innlegget

Søte draumar på mjuke puter

No står endeleg fire doble sengar klare til å ta i mot gjestane våre. Denne står på det brune rommet.

Posta under "Brunrommet", Design, Gjesterom, Loft, Møblar, Tapet | Kommenter innlegget