Kjøkkenet på plass

Det har vore tenkt nokre tankar rundt kjøkkenet og korleis vi best mogleg skulle få eit kjøkken som held dagens standard, som Mattilsynet kunne sjå seg nøgde med og som skulle stå i stil med huset. No har vi starta monteringa og vi trur ikkje at tankane våre har vore så dumme. For dei som har sett innreiinga som var i huset tidlegare, er ikkje forandringa så stor! Kjøkkenet er eit Nordfjordkjøkken levert av Bjarne Espe Trevarefabrikk

Vi beheld skråskap og skyvedører, men der farmor sitt store bord stod før, har vi fått laga ei øy i staden. Plata er av respatex - akkurat som farmor hadde!

Vi gler oss til å koke! Den største endringa er nok golvet. Vi har lagt eit vinylgolv frå Polyflor som er både slitesterkt og lett å halde reint. Kvitevarer, knottar og dei siste frontane kjem på i næraste framtid!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Design, Kjøkken, Oppussing, Regelverk. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Kjøkkenet på plass

  1. Anne K seier:

    Det blir så stilig!

  2. Ingrid Oselie seier:

    Det e berre so flott!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s