Det er så kjekt…

… når det ein har planlagt i hovudet og på papiret byrjar å ta form rundt omkring i huset! Hotellromma har rykka eitt hakk fram i køen for ferdigstilling..!

«Brunrommet» ligg mot sør, eller til høgre i huset sett nedanfrå.

"Brunrommet" vert kalla dette fordi det skal ha ein tapet i bruntonar på veggen inn mot badet. Før vi legg tapeten har vi grunna med ein farge som tilsvarar botnfargen i tapeten - for å unngå kvite striper i skøytane.

Slik ser den ut på illustrasjonsfotoet frå produsenten. Den heiter Sophie og er henta frå Sandberg.

Fleire tapetfargar

Den gamle veggen skal vere som han er.

Sett frå badet og ut i gangen

«Grønrommet» blir lyst og romantisk, trur vi.

Her skal tapeten hengast opp på den slette veggen til høgre.

Tapeten heiter "Clandon" og er laga av Cole & Son.

Den finst også i fleire fargar

Sett frå badet mot vindauget. Den kvite veggen til venstre er ein brannmur, og vi skal ha inn ein gammal rundovn.

Alkova i "grønrommet" har fått ein litt mørkare farge enn resten av rommet.

Å ha eit rosa rom synest 4-åringen er ein god idé! Ved å kombinere det med grått, blir det nok ikkje for sukkersøtt.

Sett frå vindauget: mesteparten av det rosa finn vi i tapeten som skal henge til venstre.

"Absence of Rose" designa av Vivienne Westwood

Meir informasjon

Det kun alkove-veggen som blir malt rosa

Dei andre veggane og taka blir grå og kvite. Og rundovnen skal stå ved den kvite brannmuren.

Kjøkkenloftet – det fjerde rommet – blir omtala i eit anna innlegg!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under "Brunrommet", "Grønrommet", "Rosarommet", Design, Fargar, Loft, Oppussing, Sørrommet, Tapet, Tilbygg, Visperommet. Bokmerk permalenkja.

10 Responses to Det er så kjekt…

  1. Marit Sandnes Skrede seier:

    Hei.
    Svært kjekt å følge utviklinga på Balsnes. Det er vakkert. Så mitt spørsmål: Bestiller du tapet på nettet eller er det nokon som fører Cole&son i nærheiten feks. i Nordfjord?

  2. Lekkert, lekkert, lekkert

  3. Mette :) seier:

    Dokke er so flinke!! For noken herlige farger og tapeter!! SKAL ta meg en live titt snaaaaart!! 😀

    • terese seier:

      Velkommen! Fargepaletten har vi jobba mykje med og vi må seie oss ganske fornøgde med resultatet. Dei fleste fargane er valgt ut for lenge sidan, men vi har framleis nokre som vi ikkje heilt har knekt koden på… Spennande i innspurten! Eg må også ta meg ein tur i Villa Mathilde – flinke du også sist eg sjekka 😉 http://metteannikki.blogspot.com/

  4. linda seier:

    Blir fantastisk å kunne installere bryllupsgjestane her! 🙂

  5. Bente seier:

    De får det veldig fint folkens :)) Kunne tenkt meg en tur inn ….Er det bryllaup i sikte, Linda ???? 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s