Kurs- og møterom

Det gamle saghuset har vi bygd om slik at ein kan vere frå 2 – 20 personar på møte og kurs.

Rommet har eigen utgang til terrassen, og biletet er tatt ved denne. I enden av rommet, der spegelen står no,  monterer vi topp moderne utstyr for møteverksemd.

Dette biletet er tatt frå andre enden av rommet. Borda er under produksjon, og kan anten plasserast i klasseromoppsett eller settast saman til eit stort møtebord.

I møterommet kan ein jobbe uforstyrra så lenge ein ynskjer, då rommet kan skiljast av frå resten av kjellaren. Toalett finn ein rett bak veggen med spegelen, og treng ein å strekke på beina kan ein gå rett ut på terrassen. På kalde vinterdagar fyrer vi i omnen – men ein skal ikkje fryse, sidan vi har montert vannboren varme i golva.

Det er viktig med godt arbeidslys! Vi har valgt den same løysinga som på kjøkkenet; fjøslampar frå bygningsvernbutikken Molo i Oslo. Lyset kan dimmast ved behov.

Molo AS

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Design, Flis, Kjellar, Kurs- og møterom, Oppvarming, Saga. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Kurs- og møterom

  1. ingrid oselie seier:

    Eg gjer meg ende over- ditta her e berre heilt FANTASTISK!!!

  2. Mette :) seier:

    So fantastisk!!!! Dokke er så flinke!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s