Eitt, to, tre, fire ferdig flislagte bad

Gleda er stor når vi kan krysse av for nok ein merkedag: alle bada knytt til hotellromma er ferdig flislagt! Mange tilpassingar, skråtak, hjørner og vinklar har nok gitt flisleggaren nokre ekstra grå hår, men vi er veldig fornøgd med resultatet.

Til det brune rommet.

Bad til det brune rommet sett frå vindauget.

Kjøkkenloftet.

Badet til kjøkkenloftet, sett frå vindauget. Alle fire bada har dusj, vask og wc.

Det minste badet, og det mest sjarmerande, er det som høyrer til det grøne rommet.

Vi gler oss sjølvsagt til å få montert dusj, toalett og vask.

Det største – og det mest rettvinkla, finn ein på det rosa rommet.

Alle bada har like fliser; 7,5 x 15 cm på veggane og 20 x 20 på golvet. Flisene er kjøpt hos FagFlis i Ålesund.

Vi er evig takknemlig overfor Jazek hos Fenix Bygg i Oslo som har gjort ein framifrå jobb!

FagFlis i Ålesund.

 

Advertisements
Dette innlegget vart posta under "Brunrommet", "Grønrommet", "Rosarommet", Bad, Design, Flis, Gjesterom, Kjøkkenloftet, Loft. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s