Category Archives: Oppussing

Kontrastar, kontrastar, kontrastar…

Her ein dag kom eg over nokre bilete av kjellaren og det som vi kallar «Smia», tekne vinteren 2010. For ikkje lenge sidan kunne vi ta i bruk dette rommet og reisa har vore formidabel! Advertisements

Posta under Design, Kjellar, Møblar, Oppussing, Smia | Éin kommentar

Det er så kjekt…

… når det ein har planlagt i hovudet og på papiret byrjar å ta form rundt omkring i huset! Hotellromma har rykka eitt hakk fram i køen for ferdigstilling..! «Brunrommet» ligg mot sør, eller til høgre i huset sett nedanfrå. … Les meir

Posta under "Brunrommet", "Grønrommet", "Rosarommet", Design, Fargar, Loft, Oppussing, Sørrommet, Tapet, Tilbygg, Visperommet | 10 kommentarar

Mykje treverk

Det blir ein del nye veggar, spesielt i dei to øvste etasjane.

Posta under Gang, Loft, Oppussing | Kommenter innlegget

Hotellromma tek form

Romavdelinga ligg i 2. etasje og etter jul har det vore full rulle med ferdigstilling av dei fire romma. Kvart rom skal ha sitt eige særeigne uttrykk, med ulike fargar, tapetar og tekstilar. Det eine rommet blir grønt, det andre … Les meir

Posta under Design, Fargar, Gjesterom, Kjøkkenloftet, Loft, Oppussing, Tilbygg, Visperommet | Kommenter innlegget

Bort med nordatrekken!

I kjellaren har vinden hatt ein lei tendens til å blåse gjennom steinmuren. For at ingen skal fryse har vi difor fylt bygningsskum mellom alle steinane og etterpå skjult skummet med mørtel.

Posta under Kjellar, Oppussing | Éin kommentar

Golv i gangen

Fagflis i Ålesund leverer alle flisene som blir brukt i prosjektet.

Posta under Design, Fargar, Gang, Oppussing, Tilbygg | Éin kommentar

Listefabrikken

Vi lagar alle tak-, golv-, vindaugs- og dørlister sjølve. Byggeleiaren sagar, høvlar og set opp, medan vi andre kvistlakkar og malar tre strøk med fargen 0502-Y.

Posta under Design, Fargar, Kjellar, Loft, Matstova, Oppussing, Saghusstova, Vindauge | Kommenter innlegget