Er det gull, det som glimrer..?

...eller?

Posta under Design, Fargar | Éin kommentar

Det er så kjekt…

… når det ein har planlagt i hovudet og på papiret byrjar å ta form rundt omkring i huset! Hotellromma har rykka eitt hakk fram i køen for ferdigstilling..!

«Brunrommet» ligg mot sør, eller til høgre i huset sett nedanfrå.

"Brunrommet" vert kalla dette fordi det skal ha ein tapet i bruntonar på veggen inn mot badet. Før vi legg tapeten har vi grunna med ein farge som tilsvarar botnfargen i tapeten - for å unngå kvite striper i skøytane.

Slik ser den ut på illustrasjonsfotoet frå produsenten. Den heiter Sophie og er henta frå Sandberg.

Fleire tapetfargar

Den gamle veggen skal vere som han er.

Sett frå badet og ut i gangen

«Grønrommet» blir lyst og romantisk, trur vi.

Her skal tapeten hengast opp på den slette veggen til høgre.

Tapeten heiter "Clandon" og er laga av Cole & Son.

Den finst også i fleire fargar

Sett frå badet mot vindauget. Den kvite veggen til venstre er ein brannmur, og vi skal ha inn ein gammal rundovn.

Alkova i "grønrommet" har fått ein litt mørkare farge enn resten av rommet.

Å ha eit rosa rom synest 4-åringen er ein god idé! Ved å kombinere det med grått, blir det nok ikkje for sukkersøtt.

Sett frå vindauget: mesteparten av det rosa finn vi i tapeten som skal henge til venstre.

"Absence of Rose" designa av Vivienne Westwood

Meir informasjon

Det kun alkove-veggen som blir malt rosa

Dei andre veggane og taka blir grå og kvite. Og rundovnen skal stå ved den kvite brannmuren.

Kjøkkenloftet – det fjerde rommet – blir omtala i eit anna innlegg!

Posta under "Brunrommet", "Grønrommet", "Rosarommet", Design, Fargar, Loft, Oppussing, Sørrommet, Tapet, Tilbygg, Visperommet | 10 kommentarar

Branntrapp

På grunn av brannforskrifter har vi bygd rømmingstrapp frå romavdelinga og ned på tunet på sørenden av huset.

Skummelt å lage hol i veggen!

Heldigvis slepp vi å endre altfor mykje på fasada, og får lov til å setje inn eit såkalla "rømmingsvindauge".

Sånn blei det! Finpussen tek vi seinare.

Posta under Dører, Fasade, Loft, Ute, Vindauge | Kommenter innlegget

Mykje treverk

Det blir ein del nye veggar, spesielt i dei to øvste etasjane.

Gangen sett mot sør. Trappeoppgangen til venstre. I framgrunnen ser vi "brunrommet".

Berre malinga att...

Trappa opp fra gjesteinngang til romavdeling. I botnen skimtast dei nylagde flisene.

Posta under Gang, Loft, Oppussing | Kommenter innlegget

Hotellromma tek form

Romavdelinga ligg i 2. etasje og etter jul har det vore full rulle med ferdigstilling av dei fire romma. Kvart rom skal ha sitt eige særeigne uttrykk, med ulike fargar, tapetar og tekstilar. Det eine rommet blir grønt, det andre blir brunt, det tredje blir blått og det fjerde blir rosa.

Frå vindauget i "grønrommet" ser vi gjennom rommet til badet i enden. Alle veggar er nye, bortsett frå romdelaren til venstre. Dette er den opphavelege ytterveggen, og skal få stå i all sin prakt.

Det blir ein del panel etter kvart. Vi malar skøytane, slik at vi skal unngå "gliper" med trekvitt. Hermed får du ein introduksjon av fargevalet vårt; kvitt i taket og lysgegrønt på veggane.

Den originale tømmerveggen skal sjølvsagt bevarast - om enn med ein litt annan nyanse enn på biletet...

Posta under Design, Fargar, Gjesterom, Kjøkkenloftet, Loft, Oppussing, Tilbygg, Visperommet | Kommenter innlegget

Kjøkkenet – no også med flis

Flisene til veggen over kjøkkenbenken har stått ei god stund og "godgjort" seg i kassa si. Gleda var difor stor når jobben med å setje dei opp starta.

Flisene er 7,5 x 15 cm og kjem frå Fired Earth. Kolleksjonen heiter "Retro Metro" og fargen blir kalla "Marble Arch".

Fired Earth

I tillegg har vi fått opp lyslist under veggskapa. Vi har kopla saman sju Grundtal-lampar frå IKEA og det gir eit supert lys!

Grundtal benkebelysning

Posta under Design, Kjøkken, Lys | 2 kommentarar

Bort med nordatrekken!

I kjellaren har vinden hatt ein lei tendens til å blåse gjennom steinmuren. For at ingen skal fryse har vi difor fylt bygningsskum mellom alle steinane og etterpå skjult skummet med mørtel.

Bygningsskum i alle sprekker...

Skilnaden er til å ta og føle på - aldri meir trekk!

Ein fantastisk dugnadsgjeng har hjelpt oss med å fylle på mørtel og få tilbake den rette utsjånaden. Eit skikkelig pirkearbeid..!

Posta under Kjellar, Oppussing | Éin kommentar

Ei lita pause

Det har vore eit opphald i blogginga i eit par månader, av den enkle grunn at vi har fått eit nytt familiemedlem 🙂

Heldigvis har ferdigstillinga av huset gått for fullt, sjølv om enkelte av oss ikkje har vore fullt så delaktige i arbeidet..!

Vesle Samuel søv godt i den gamle Grepa-vogna.

 

Posta under Historie, Privat | Kommenter innlegget

Første testmiddag

15. oktober 2011 var fyrste gongen vi kunne dekke på i ei ferdig bygd matstove og servere fire rettars middag til glade operaentusiastar!

Første utgåve av matstova, der alle måltid på Balsnes gard skal serverast.

Både vertskap og gjestar hadde ein flott kveld, og vi gler oss til å teste meir før vi opnar dørene «på ordentlig»!

Forrett:
Einerrøykt laks frå Svanøy med pepperrotkrem, heimelaga knekkebrød, ruccola og balsamicokrem
Vin: Dönnhoff Riesling Trocken 2010

Mellomrett:
Kvitløksbrasert indrefilet av Balsnes-lam med eplegele av Flo-eple

Hovudrett:
Medaljongar av ”Haua-hjort” med sesongens grønnsaker, fløytegratinerte poteter og rødvinssaus
Vin: Crozes Hermitage (Domaine du Colombier ) 2008

Dessert:
Heimelaga karamellpudding med bringebær frå Innvik
Vin: Madeira Malmsey 5 Years Old

PS: Det høyrer med til historia at vi i juli hadde sommarfest med ca. 25 av slektningane våre, og vi brukte matstova når middagen vart servert. Ein liten detalj var imidlertid at golvet ikkje var ferdig lagt, kjøkkenet var ikkje ferdig , i tillegg til at lister og interiør glimra med sitt fråvær… Men kjekt var det å møtast uansett!!

Posta under Mat, Matstova, Opplevingar | Kommenter innlegget

Haust

Etter diverse nedbørsrekordar i det siste, var det kjekt med ein solskinnsdag..!

Posta under Ute | Kommenter innlegget

Monstermast

Fint er det ikkje, men tv-signal må ein jo ha.....

Posta under Aktivitetar, Fasade, Ute | Kommenter innlegget

Uteplassen tek form

Det er støypt, fylt i masse og planert.

Skal bli fint å sitte her på ein solfylt sommardag!

Så får vi håpe at vi får støypt plata før vinteren kjem...

Posta under Aktivitetar, Ute | Kommenter innlegget

Uteplass

Arbeidet med uteplassen har starta. Her skal det støypast, murast og fyllast i slik at vi kan gå ut på terrassen frå kjellaren. Vi gler oss! Biletet er tatt frå kjøkkenvindauget.

Posta under Aktivitetar, Ute | Kommenter innlegget

Vi har flytta inn!

I byrjinga av august flytta familien inn i den private leilegheita. Ein gigantisk milepel er nådd! No har vi berre resten att 🙂

Posta under Privat | Kommenter innlegget

Krydderhylla

Då det vart rydda ut av saghuset, fann vi ei gammal hylle som har vore brukt til oppbevaring av diverse maskindelar og anna utstyr.

No har den fått nytt liv som krydderhylle på kjøkkenet!

Posta under Design, Historie, Kjøkken, Kjellar | Kommenter innlegget

Badet er klart til bruk

Toalettet er installert...

...skapet kan fyllast med handdukar (skapet er forøvrig importert frå København)...

...og vi kan slange oss i badekaret! Det er eit støypejernsbadekar (!) som vi fann på finn.no. Karet var heilt gratis og vart henta i ein renoveringsklar bygård i Ålesund. Utsida er malt i matt bengalakk. Armaturet er frå Mora Armatur (Mora Classic).

Vi er veldig glade for å kunne gjenbruke farfar sin gamle skjenk som baderomsmøbel!

Skjenken har vi pussa og lakka x antal gonger. I tillegg har vi demontert ei vaskemaskin og tatt av knottane den stod på. Deretter har vi festa dei på føtene til skjenken, slik at vi skal unngå direkte kontakt med fuktig golv.

Til vasken har vi funne eit eittgreps batteri som vi kjem til å bruke på alle bada i huset. Det heiter "Crolla Dune".

Mora Armatur

Posta under Bad, Privat, Tilbygg | Kommenter innlegget

Ein lang gang blir til to korte

I all den tid har det vore ein lang gang på loftet, der alle soveromma er. For å skilje privat- og gjestedel (og for å tilfredstille branntekniske krav), har vi stengt av gangen ca. midt på.

Ein historisk augneblink!

Posta under Gang, Historie, Loft, Regelverk | Kommenter innlegget

Søte draumar!

Blomar står sentralt når vi vel tapet, og det eine private soverommet får eit syrintre-tema.

Tapeten er henta frå den svenske "Borås Tapeter" og frå kolleksjonen "Falsterbo". Den opphavelege tømmerveggen er (framleis) grønn...

...medan den nye panelveggen har blitt lilla. Farmor hadde eit lilla syrintre ståande ved sørveggen av huset. Dette treet måtte vi dessverre ta bort når vi starta på renoveringa, men på ein måte tek vi det med oss vidare likevel!

Borås Tapeter

Posta under Fargar, Privat | Kommenter innlegget

Barnerommet

Det andre av to private soverom er eit barnerom. Frøkna som skal bu der bestilte fargen rosa, men vi fikk innført litt andre fargar også…

Men pipa vart knall i allefall! (Døra skal få ein annan farge).

Rommet sett frå døra.

Rommet er forma som ein L. Dei to motståande panelveggane er lilla, medan den opphavelege tømmerveggen er lys grå. Golvet er litt mørkare grått og den glatte veggen, samt taket er kvitt.

 

Posta under Fargar, Privat | Kommenter innlegget

Golv i gangen

Eit steg nærare innflytting "på privaten": flisene i gangen er lagt!

Flisene blir levert i matter på 30 x 30 cm, for å unngå det verste plukket...

Fagflis i Ålesund leverer alle flisene som blir brukt i prosjektet.

Posta under Design, Fargar, Gang, Oppussing, Tilbygg | Éin kommentar

Listefabrikken

Vi lagar alle tak-, golv-, vindaugs- og dørlister sjølve. Byggeleiaren sagar, høvlar og set opp, medan vi andre kvistlakkar og malar tre strøk med fargen 0502-Y.

I kjellaren ligg x antal meter med golv-, tak- og dørlister.

På loftet vert alle vindaugslistene gjort klare.

Klart til tilpassing, her i matstova...

...og slik vart resultatet i saghusstova.

Posta under Design, Fargar, Kjellar, Loft, Matstova, Oppussing, Saghusstova, Vindauge | Kommenter innlegget

Lyskuplar

På bygningsvernbutikken Molo AS i Oslo har dei litt av kvart når det kjem til skattar. Vi har mellom anna funne «gammaldagse» lyskuplar som er godkjent for bruk i dag. Dei lampane vi hadde frå før får vi setje på museet vårt..!

Slike glaskuplar heng i taket i dei fleste romma i huset.

På baderomsveggen har vi hengt opp skråstilte kuplar.

Denne såkalla "fjøslampa" skal vi bruke som utelys...

...og som lampar på kjøkkenet.

Posta under Bad, Design, Historie, Kjøkken, Lys, Oppussing | 4 kommentarar

Farge på veggane

Mykje av sommaren har gått med til å male veggar (og tak og lister og golv…) – tre strøk tar si tid, men no er privatdelen stort sett ferdig mala!

I "gamle dagar" budde dei omreisande emissærane på dette rommet, som no sjølvsagt heiter "Emissær-rommet". I framtida blir dette privat gjesterom/kontor. Fargen er tilnærma lik den opphavlege, men alt av treverk er nytt, frå golv til tak.

Kva var ein emissær?

Den private gangen har fått fargen "Lys antikk FR 2055" frå Halvor Bakke sine favorittar.

Halvor sine favorittar.

Matstova før...

... og etter maling av veggar, tak og brannmur. Tak og brannmur har kode 0502-Y (eggekvit), veggen er nok ein av "Halvors favoritter": krokodille. Dørene og golvet skal også få sine strøk med maling.

Matstova sett frå motsett vinkel.

Kaffistova (siderommet til matstova) midt i transformeringsprosessen.

Tak og veggar ferdig malt i kaffistova. Kode: S 2005-B80G.

System i rotet?

Posta under Emissærrommet, Fargar, Gang, Kaffistova, Matstova, Oppussing, Tilbygg | Kommenter innlegget

Baldersfest

Sommaren har blitt godt brukt og huset blir stadig meir ferdig. Den 9. juli fann vi imidlertid ut at det var på tide å komme seg litt ut i frisk luft og vi inviterte til familiemoro rundt vikingleirbålet i skogen bak garden vår. Alle barn var spesielt inviterte til å ta del i vikingleikar, til å ete vikingmat og til å møte lam, høner og andre dyr. For dei som ville, hadde vi vikingkle til låns for å komme i den rette stemninga.

Det var ei super dag – og jammen kom kongen også!

Oppslag i Fjordabladet 12. juli 2011. Klikk på biletet for å kunne zoome og lese teksten.

Posta under Aktivitetar, Historie | Kommenter innlegget

Kvite blomar

Magnoliaen har funne sin plass i den private stova. Tapet med blome-motiv er gjennomgåande i heile huset - nokre blomar er større enn andre! Desse er designa av Vivienne Westwood. Raud brannmur til høgre og dør til gang i midten.

Posta under Design, Oppussing, Saghusstova, Tapet | Kommenter innlegget